Alltid til teneste
Våre tenester

Velkomen!

Heiane Røyr & Elektro er ei lokal tverrfagleg bedrift tilknytta Bademiljø-kjeden.

Me tilbyr alt frå rehabilitering og service til totalbad og nybygg.

Me held til på Stord og tek på oss oppdrag i heile Sunnhordlandsregionen, både i offentleg og privat sektor. Me har gode samarbeidspartnara, og er stolte av å kunne tilby totalpakkar til deg som kunde.

 

 

Røyr
  • Vond lukt?
    Bruk soyaolje i sluket, dette fjernar vond lukt. Klor er også ein god måte å reinske vasslåsar og sluk på, samstundes som vond lukt held seg vekke.
  • Røyr om vinteren
    Hugs å stenga hovudkranane når du forlet hytte eller hus over lengre tid. Sørg for litt varme der du har vassleidningar. Er det mogleg å tappa tomt i vasslåsar og ha opne kranar så kan dette forhindra øydelagde kranar og toalett i vinter.
  • Sitronsyre og plastrøyr
    Hugs å avgrensa bruken av produkt som inneheld sitronsyre. Dette er ikkje enkelt å unngå då mange vaskemiddel på kjøkkenet inneheld nettopp sitronsyre. Bruk heller ikkje Plumbo i plastrøyr - bruk IF som du kjøper i daglegvareforretningen - eller ring oss!
Elektro
  • Komfyrvakt
    Komfyrvakt overvakar temperaturen i pannene dine og kuttar straumen før det vert brann ved for eksempel tørrkoking. Alle nye hus skal ha det - skal du?
  • Jordfeilbrytar
    Jordfeilbrytar kuttar straumen dersom det vert jordfeil, men det er ikkje hensiktsmessig at den slår av straumen i heile huset. Difor nyttar me i dag jordfeilbrytar i kvar sikring, slik at du begrensar straumutkoplinga til den kursen som har feil.
  • Oppgrader ditt sikringskap
    Oppgrader ditt sikringsskap med ny teknikk, mellom anna med jordfeilautomatar, overspenningsvern (lynvern) samt ein plakat i døra som er leseleg.
Totalbad
Kompletthus
  • Alt under eitt tak!
    Me har knytt til oss mange dyktige, lokale firma med ulike fagfelt, som til dømes Fargerike Malerboden.
  • Din unike prosjektleiar
    Du får éin person å forhalda deg til gjennom heile byggeprosessen.
  • Kompetanse
    Røyr, elektro, snikker, flisleggar og malar - me har kompetansen til å ferdigstilla byggeprosjektet ditt frå A til Å.